Trygg i Fjell-modellen

Skule - Handtering

AKTIVITETSPLAN

LOVGRUNNLAG OPPLÆRINGSLOVA §9A-4

«Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø.Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.

Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skolen skal lage ein skriftleg plan (aktivitetsplan) når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  1. kva problem tiltaka skal løyse
  2. kva tiltak skolen har planlagt
  3. når tiltaka skal gjennomførast
  4. kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
  5. når tiltaka skal evaluerast»

Aktivitetsplan vert laga til det beste for elevane, involverte elevar skal bli høyrde:

  1. Kva er problemet som utkrystalliserte seg etter undersøkinga?
  2. Eigna tiltak som skal løyse problemet. Når, ansvarleg for gjennomføring av tiltak, tid for evaluering
  3. Endring/nye tiltak eller problem løyst?
  4. Oppfølging tiltak? (Retta mot seinskade)
  5. Oppsummering av samtalane med elevar og foreldre
  6. Oppsummering av skulen si vurdering i saka
X

Ressursar

Anna


nullmobbing.no logo

Trygg i Fjell på FacebookTrygg i Fjell | Fjell kommune på FacebookFjell kommune | Heimesida til Fjell kommunewww.fjell.kommune.no
(Trygg i Fjell-modellen v1.2)