Trygg i Fjell-modellen

Skule - Førebygging

PLIKTA TIL Å FØLGJE MED og GRIPE INN

Lovgrunnlag - Opplæringslova § 9a-4:

«Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.»

Tiltak på skulenivå: «Plikta til å følgje med»

Systematisk arbeid med eit godt skulemiljøet: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/skolemiljo/

  • Klasseleiing (t.d. TSK, Respekt)
  • Relasjonar (lærar-elev, elev-elev). Skulane jobbar systematisk for meir aktivitet i friminutta. Nokre skular har Trivselsprogrammet, andre noko liknande (t.d. Fjellravnane).
  • Sosial kompetanse: (t.d. Zippys vener 1.-4.trinn, MOT 8.-10.trinn, elevråd)
    • empati
    • samarbeid
    • selvhevdelse
    • selvkontroll
    • ansvarlighet
  • Psykisk helse (å fremme god psykisk helse). T.d. Zippys venner, MOT)
  • Heim-skule samarbeid (startsamtalen 1.trinn, telefonstartsamtale 8.trinn, barnevakten 5.+8.trinn)

Tiltak på KLASSENIVÅ:

  • arbeide systematisk med sosial kompetanse (empati, samarbeid, selvhevdelse, selvkontroll, ansvarlighet)
  • arbeide systematisk med å bygge gode relasjonar mellom elevar
  • sosiogram
  • Elevundersøkinga kvar haust 5.-7.trinn + 8.-10.trinn.
  • Trivsels- og læringsmiljøundersøkingar vert nytta (t.d. Olweus-undersøking, MOT-undersøking)
  • foreldremøte der skulen sitt arbeid med eit godt skulemiljø er tema

Tiltak på elevnivå:

  • Elevsamtale.
  • Vurderingssamtale med føresette.

PROGRAM

  • Alle barneskulane har implementert og nyttar klasseleiingsprogrammet TSK. TSK står for - Tydeleg, støttande og førebudd klasseleiing.
  • Alle barneskular nyttar Zippy i 1.-4.klasse. Programmet Zippys venner er eit vitenskapleg dokumentert tiltaksprogram i høve mellom anna førebygging mot mobbing.
  • Alle barneskulane har implementert og nyttar anten OLWEUS-programmet eller ZERO-programmet. Begge desse programma er vitenskapleg dokumenterte tiltaksprogram i høve arbeid mot mobbing og antisosial åtferd.
  • Alle ungdomsskulane har implementert og nyttar RESPEKT-programmet. Dette er eit program som handlar om å utvikle det faglege og psykososiale læringsmiljøet og redusere uønska åtferd.
  • Alle ungdomsskulane er MOT-skular. MOT er ein haldningsskapande organisasjon som arbeidar for og med ungdom med målsetting om å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø.
  • Nokre skular har implementert og nyttar Trivselsprogrammet. Dette er eit program for meir aktivitet og auka tryggleik i friminutta.
  • Alle skulane har oppretta eit elevråd. Elevrådet si oppgåve er å arbeide for å skape eit sosialt felleskap, utvikle arbeids- og læringsmiljø og sikre at elevane sine rettighetar vert ivaretatt. Les meir om elevråd på barneombudet.no
  • Alle skulane har oppretta eit skulemiljøutval. Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, foreldra, skulen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet. Les meir om skulemiljøutvalet i rettleiar til medlemmene på udir.no. (Lovpålagt)
Trygg i Fjell på FacebookTrygg i Fjell | Fjell kommune på FacebookFjell kommune | Heimesida til Fjell kommunewww.fjell.kommune.no
(Trygg i Fjell-modellen v1.2)