Trygg i Fjell-modellen

Skule - Etterarbeid

Vert revidert i desember/januar

Lovgrunnlag - Opplæringslova § 9a-1:

"Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring."

Etterarbeid og brukarmedverknad mobbeutsatt:

  • Jamlege samtalar med kontaktlærar, sosiallærar eller skuleleiing. Samtalane bør vere hyppige i starten. Fokus i samtalane er opplevinga av skulekvardagen, meistring og vanskar.
  • Tilbod om samtale med kvalifisert helsehjelp som helsesyster eller kommunepsykolog.
  • Sosial dugleikstrening.
  • Oppfølging av vedtak

Etterarbeid og brukarmedverknad mobbar (mobbarar):

  • Jamlege samtalar med kontaktlærar, sosiallærar eller skuleleiing. Samtalane bør vere hyppige i starten. Fokus i samtalane er tilbakemelding på positiv åtferd ("Sjå når dei lukkast"), påminning om avtalar og informasjon om at dei vaksne fylgjer med.
  • Dersom mobbing tek til igjen, brukar ein tiltakspyramide(PDF).
  • Tilbod om samtale med kvalifisert helsehjelp som helsesyster eller kommunepsykolog.
  • Sosial dugleikstrening.
  • Oppfølging av vedtak

Systematisk arbeid for eit betre læringsmiljø:

  • Her vert det arbeida i tråd med "Trygg i Fjell - forebygging i skulen".
Trygg i Fjell på FacebookTrygg i Fjell | Fjell kommune på FacebookFjell kommune | Heimesida til Fjell kommunewww.fjell.kommune.no
(Trygg i Fjell-modellen v1.2)