Trygg i Fjell-modellen

Skule - Avdekking

VARSLE OG UNDERSØKJE

LOVGRUNNLAGET-OPPLÆRINGSLOVA §9A-4

«Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle». «Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka».

  1. Varsle rektor med meldeskjema
  2. Undersøkje:
    1. Krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering?
    2. Undersøking ved hjelp av metodar som observasjon, samtale, ikkje-anonyme undersøkingar, kartleggingsverktøy, sosiogram.
      1. Få fram fakta om situasjon
      2. Kva påverkar korleis eleven opplever det? Finne ut kva som ligg bak eleven si oppleving, ein skal ikkje finne bevis for/mot at eleven har blitt mobba/krenka.
    3. Viser undersøkinga at eit problem må løysast, så må aktivitetsplan med tiltak lagast. Sjå under HANDTERING/AKTIVITETSPLAN

Metodar for undersøking:

«Innblikk»-metoden: Sosial-analytisk verktøy for å forebyggje og avdekke skjult mobbing.Metoden er spesielt utvikla til å avdekkje skjult mobbing.

«Snakk med meg»-metoden: Dette er ein kartleggings- og oppfølgingsmetode der leiinga el.l. på skulen intervjuar klassar eller heile elevtrinn. Denne metoden kan både nyttast førebyggjande og som avdekking i mobbesaker.

«Øde øy»: Eit sosiogram som viser klassemiljø.

«Spekter»-undersøking: Ikkje-anonym mobbeundersøkinga for avdekking av mobbing

Trygg i Fjell på FacebookTrygg i Fjell | Fjell kommune på FacebookFjell kommune | Heimesida til Fjell kommunewww.fjell.kommune.no
(Trygg i Fjell-modellen v1.2)