Trygg i Fjell-modellen

Barnehage - Avdekking

Avdekking i barnehagen:

  1. Varsling - Den som får kunnskap/mistanke om mobbing, diskriminering, vald eller rasisme varslar leiinga ved styrar/pedleiar.
  2. Undersøking - set i gang undersøking. Alle på avdelinga må bidra
    1. Innsamling av informasjon - kva veit vi allereie.
    2. Samtale med føresette til barn som ein mistenker er utsatt for krenkjande ord og handlingar. Skal sei noe om avdekking, og sette ein tidsfrist for denne. (2-3 veker)
    3. Observasjon i barnehage (overgangar, frilek, utelek og oppstart av aktivitetar) Sjå ressursar.
    4. Barnesamtaler(PDF): Dei vaksne snakkar med eit utvalg av barna (kanskje alle på samme alderstrinn) Viktig at ein snakkar med ein variert gruppe av barna.
    5. Saman med barnesamtala kan ein gjerne bruke bussøvelsen
  3. Konklusjon – Pedleiar/styrar konkluderar på bakgrunn av undersøkinga om barnet har vore utsett for krenkjande ord og handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme eller ikkje. Er barn utsatt for krenkingar, må det lages ein tiltaksplan (sjå ressursar) Denne planen skal være tidsbergrensa.

Beredskapsteamet i Fjell kommune kan bistå i dette arbeidet.

Trygg i Fjell på FacebookTrygg i Fjell | Fjell kommune på FacebookFjell kommune | Heimesida til Fjell kommunewww.fjell.kommune.no
(Trygg i Fjell-modellen v1.2)